Høgsesong for bustadbrannar – sjekk røykvarslaren 1. desember!

I Fjord kommune har det vore fire bustadbrannar dei siste fem åra. Røykvarslaren reddar liv.  Sjekk røykvarslarane på Røykvarslardagen 1. desember!

 

Test røykvarslaren jamleg

Alle bustader skal ha røykvarslarar eller brannalarmanlegg, og det må vere minst éin varslar i kvar etasje. Du bør teste røykvarslarane dine jamleg, og kvar gong du har vore bortreist i lengre tid. Det er også lurt å støvsuge varslarane regelmessig. Det gjer at dei varer lenger.

– Røykvarslardagen er ei viktig påminning om å ta branntryggleiken på alvor når vi no går inn i ei tid der det tradisjonelt oppstår mange brannar. Det viktigaste du kan gjere for branntryggleiken heime, er å sjekke at alle røykvarslarane i bustaden fungerer slik dei skal.  Alarmen skal kunne høyrast tydeleg på opphaldsrom og soverom, også når døra mellom romma er attlaten, påpeiker branninspektør Oddbjørn Nilsen. 

Fleire røykvarslarar gir større tryggleik

Viss du har ein bustad med mange rom eller fleire etasjar, bør du kople saman røykvarslarane, slik at alle pip samstundes ved brann. Dette kan gi deg verdifull tid til å evakuere, til dømes dersom ein brann startar i kjellaren og du søv i andre etasje. Det kan vere med på å redde liv.

Røykvarslarar skal i regelen bytast ut etter åtte til ti år. Sjekk produksjonsdatoen på baksida. I rom med mykje støv og ureinske kan detektoren bli ustabil og ha kortare levetid. 

Ekstra risiko i jula

To brennande telys. Julestemning. - Klikk for stort bilete

– Levende lys, peiskos, bruk av komfyr og meir bruk av elektrisk utstyr utgjer ein ekstra risiko i jula, særleg i kombinasjon med inntak av alkohol. Gjer det difor til ein hugseregel å sjekke røykvarslarane og eventuelt byte batteri på Røykvarslardagen 1. desember, oppmodar Nilsen.  

Røykvarslardagen

Røykvarslardagen er eit samarbeid mellom brannvernforeininga, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, det lokale el-tilsynet, brannvesenet og Gjensidige.

På nettsida røykvarslerdagen.no finn du nyttig informasjon om tiltak som betrar branntryggleiken. 

 

Eirin S. Solvang
Brannvern - feiar
E-post
Telefon 41 86 79 13
Oddbjørn Nilsen
Branninspektør
E-post
Telefon 41 39 69 79
Inge Teigen
Brannsjef Stranda og Fjord
E-post
Telefon 46 41 10 33