Har du ekstra hjarterom til jul?

No er det fleire nytilflytta innbyggjarar i Fjord kommune. Det nærmar seg jul og vi lurer på om du har høve til ein ekstra innsats for å hindre at nokon kjenner seg einsame i denne tida?

Det er viktig at dei som kjem frå eit krigsherja land og som er nye i kommunen og vert tatt godt imot og inkludert i lokalsamfunnet. Det er ulike oppgåver som er aktuelle. Kanskje du kan bidra med skyss til avtalar eller omvisning i bygda di? Lære vekk norsk ved å gå ei tur og prate i lag? Kjøpe ei julegåve eller gi praktisk hjelp ved flytting? Har du andre forslag til kva du kan bidra med?

Vi set stor pris på om du kan bidra både i desember og gjerne vidare framover i 2023 også.

Viss det er noko du luer på kan du kontakte flyktningtenesta ved Lisa Mari Nygård på e-post

Frivilligsentralen er også med i arbeidet, du kan også ta kontakt på e-post frivillig@fjord.kommune.no


Takk for at du vil bidra!

Registrer deg på skjema nedanfor, så vil vi ta kontakt ved behov.
Det er ikkje bindande, vi set pris på all hjelp vi kan få.