Gratis energirådgjeving for deg som bur i kommunen vår

Bård Gudim

Fjord kommune har att 7 gratistimar med energibefaring, bestill time på Energiportalen før nyttår. Etter nyttår blir timane våre fordelt på andre kommunar.

På Energiportalen ser du kor mykje energi du bruker på oppvarming, varmtvatn og lys i dag.  Og kva du kan spare lommeboka og miljøet med, ved ulike typar tiltak. 

Lurar du på om det løner seg å installere varmepumpe, solceller eller eit smart varmestyringssystem? Tenkjer du på å etterisolere eller byte vindauge?

På Energiportalen kan du teste ut store og små tiltak, og finne ut kva som passar deg og din økonomi best.

Sjå på denne filmen for gode tips

Sjekk kor mykje du kan spare på energibesparande tiltak på Energiportalen