Frivillige organisasjonar kan søke om momskompensasjon

No kan frivillige lag og organisasjonar søke om momskompensasjon frå Lotteri- og stiftelsestilsynet som har 1,9 milliardar kroner til fordeling. Føremålet med ordninga er å fremme frivillig aktivitet.

Frivillige lag og organisasjonar kan søke om å få kompensert kostnader til meirverdiavgift som dei har hatt ved kjøp av varer og tenester. 

Frivillige organisasjonar som er registrerte i Frivillighetsregisteret kan søke på ordninga. Frivillig innsats må være ein viktig del av verksemda for å søke. 

Søknadsfristen er 1. september, men fleire lag og organisasjonar må sende søknad via sentralleddet som ofte har frist tidlegare. 

Søknadsskjema og meir om ordninga finn du på lottstift.no