Frivillige organisasjonar kan no søke om momskompensasjon på varer og tenester

Illustrasjon - Klikk for stort bileteIllustrasjon

Lotteri- og stiftelsestilsynet skal fordele i overkant av 2 milliardar kroner i momskompensasjon til frivillige lag og organisasjonar i 2023.

Ordninga gir kompensasjon for kostnadar

Denne ordninga skal fremje frivillig aktivitet, gjennom å kompensere for kostnader som frivillige organisasjonar har hatt til meirverdiavgift ved kjøp av varer og tenester.

Det er opna for søknadar og søknadsfristen er 1. september.

Frivillige organisasjonar kan søke

Frivillige organisasjonar som er registrerte i Frivilligregisteret kan søke på ordninga.

Frivillig innsats må vere ein viktig del av verksemda som det søkast om kompensasjon for. Alle mottakarar av momskompensasjon må vere registrerte i Frivilligregisteret innan 1. september 2023. Dette gjeld også dei som søker via sitt sentralledd. Hugs at registrering kan ta litt tid.

Merk: Sentralledd har eigne fristar for rapportering frå underledda sine. Sjå den aktuelle organisasjonen sine nettsider, eller ta kontakt med sentralleddet for meir informasjon.

Det kan søkast gjennom to modellar

Forenkla modell: Minstegrensa for å søke etter forenkla modell er kr. 100 000 i søknadsgrunnlag

Dokumentert modell:  Kr. 7 000 i faktiske meirverdiavgiftskostnader.

Grensene gjeld ikkje for underledd.

Meir informasjon

De finn informasjon om ordninga og søknadsskjema på nettsida til Lotteri- og stiftelsestilsynet:
Momskompensasjon på varer og tjenester - Lottstift

Her ligg også informasjon om oppdateringar som de må vite om i 2023.