Fritidsklubb for 1.-10. klasse

Ein hest - Klikk for stort bileteHest Stall Bjørstad

Gratis fritidsklubb som er open for alle skuleelevar i Fjord kommune. 4. september opnar det nye tilbodet hos Stall Bjørstad i Valldal. Det blir varierte aktivitetar med utgangspunkt i garden og naturen. Meld deg på!

Dette er eit lågterskeltilbod som er gratis og ope for alle elevar på alle skulane i Fjord kommune. Det er ikkje fast deltaking, så ein melder seg på for ei veke om gongen.

Innhald

Dette er ikkje erstatning for rideskule, men det kan hende det blir riding ein gong i blant. Aktivitet blir tilpassa deltakarane og vil variere gjennom hausten, med utgangspunkt i aktivitetar på garden og området rundt. Alle får ein matbit ved oppmøte og formålet er ein kjekk ettermiddag i lag med andre på samme alder og trygge vaksne og dyr.

Tidspunkt

Måndagar kl. 14.30-17.30 for 1.-4. klasse. 
Torsdagar kl. 14.30 - 17.30 for 5.- 10. klasse. 

Påmeldingsfrist

Fristen for påmelding er fredagen før for måndag (1.-4. klasse), og måndag for dei som vil kome på torsdag (5.-10. klasse). Vi har plass til 15 deltakarar kvar gong.

Skyss

Skulebussen går frå Valldal skule og forbi garden etter skuletid og kan nyttast ved ledig kapasitet. Elles må skyss ordnast av den enkelte.

Påmelding

Påmelding til Kristin G. Sandnes på SMS: 97129798 

Vel møtt!

Tilbodet er i regi av Inn på tunet og er støttta av Bufdir.

 

Om Stall Bjørstad

Stall Bjørstad ligg på Døvingssida i Valldal. Her har vi ca 20 hestar og ein katt. Vi dyrkar masse jordbær, gras og litt potet. Dei som jobbar med Inn på tunet er Kristin som eig og driv garden og er bonde, økonom og ridelærar, Yvonne som er er tilsett som hestefagarbeidar, og ein lærling som skal ta fagbrev og startar læretida hausten 2023.

I tillegg til Inn på tunet driv vi rideskule, oppdrett av hest, og tar inn hestar til temming og trening.

Aktivitetar

Stelle dyra, børste og ri på hest og hjelpe til med stallarbeid. Kose med katt og hestar. Vi har både ridehall og ridebane og fine turvegar. Vi har stor hage med trampoline og leikestativ og mange fine frukttre. På vår og haust har vi muleghet for fotball, hesteskokasting, kubb eller badminton. På vinteren kan vi bygge snøhole, ake eller bli med på tur med hest og slede. Vi har skogen tett innpå oss. Der kan vi gå på tur og lære om dyr og fuglar, kanskje bygge fuglekasser? Når veret tilseier det har vi også gode fasilitetar innandørs til brettspel, lesing og småprosjekt.

Dette er det fokus på

1. Bli kjent med garden, dyra og menneska som bur og arbeider der
2. Ha det kjekt saman i gruppa
3. Turar og aktivitetar på garden og i nærmiljøet.

Lenker

Les meir om Inn på tunet i Norge
Stall Bjørstad
Informasjonsbrosjyre om aktivitetane hausten 2023 (PDF, 905 kB)