Førehandsrøysting - Kommune- og fylkestingsval 2023

Du kan førehandsrøyste på servicetorget på rådhuset i Valldal og ved kommunehuset i Stordal kl. 10 - 15 i perioden 10. august t.o.m. 8. september.

 

Det vert også førehandsrøysting:

  • Torsdag 31.08.23 på rådhuset i Valldal og kommunehuset i Stordal frå kl. 16.00-18.00
  • Laurdag 02.09.23 på omsorgsbustaden i Eidsdal frå kl. 11.00-13.00, og på rådhuset i Valldal og kommunehuset i Stordal frå kl. 14.00-16.00.
  • Måndag 04.09.2023 kl. 10:30-12:00 ved institusjonane Valldal sjukeheim og Stordalstunet