Forbod mot fôring av hjortevilt

Det har så langt i år vore ein meir snørik vinter enn det har vore dei siste åra. Dette, saman med ein stor bestand av hjortevilt gjer at mange nå ønskjer å hjelpe hjorteviltet ved å leggje ut mat.

 

Det er viktig for kommunen å minne om at det er forbod mot å leggje ut fôr til hjortevilt, jamfør § 6 i Forskrift om tiltak for å begrense spredning av Chronic Wasting Disease (CWD).

Grunneigarar og andre kan søkje Mattilsynet om særskilt løyve til å fråvike forbodet om fôring i ein avgrensa periode av omsyn til trafikktryggleik eller dyrevelferd i områder kor det ikkje er påvist CWD. Det er ikkje påvist CWD i Fjord kommune.

Ved søknad om dispensasjon frå forbodet skal ein sende skriftleg søknad til Mattilsynet ved postmottak@mattilsynet.no, og marker e-posten med avdeling Sunnmøre og set kommunen ved post@fjord.kommune.no på kopi. Søknaden må minimum innehalde ein grunngjeving for søknaden, og skildre korleis ein ønskjer å gjennomføre fôringa.

Elena Myklebust
Rådgjevar
E-post
Telefon 41 86 78 26