Fjord sin kandidat til Frivilligprisen 2022

Komande helg inviterer Møre og Romsdal fylkeskommune til stor markering av Frivilligåret. I samband med feiringa blir Frivilligprisen 2022 delt ut, og alle kommunar har fått høve til å nominere ein kandidat. Vigdis Susanne Hove Øie er Fjord kommune sin kandidat. 

Frivillig innsats står sterkt både i Fjord kommune og i dei andre kommunane i fylket vårt. Prisen skal gå til ein person som har gjort ein spesiell innsats for frivilligheita i heimkommunen sin.   

Prisen vert berre delt ut i Frivilligheita sitt år 2022.
Les meir om feiringa Den store frivilligfesten her.

Fjord kommune ba om framlegg til kandidatar i oktober. Det kom inn framlegg på fleire gode kandidatar, men berre ein kunne bli nominert. Vigdis er eit godt døme på stor frivillig innsats i Fjord kommune og ein verdig kandidat til Frivilligprisen 2022.

Grunngjeving for nominasjonen

Vigdis Hove Øie.jp privat

Vigdis Susanne Hove Øie har i over 40 år engasjert seg i frivillig arbeid. Dette er ein innsats langt utover det som er vanleg og det har gitt synlege resultat i lokalsamfunnet.

Vigdis har hatt leiarverv og andre styreverv i Stordal IL og i fleire av undergruppene gjennom mange år. Ho har vore engasjert i fotballgruppa og var i mange år leiar av Stordalscup. Ho var primus motor for å starte opp Stordal treningssenter, ei undergruppe av Stordal IL, og er framleis engasjert her. Vigdis har vore og er framleis ein stor pådrivar i å skaffe midlar til ulike anlegg og aktivitetar. Her kan vi nemne kunstgras- og friidrettsanlegg på Kirkebø stadion, tilbygg til Stordalshallen og Stordal IL sitt klubbhus som no er under oppføring. Dessutan er ho aktiv medlem i prosjektgruppa som er i sluttfasen med å skrive bok om Stordal IL gjennom 100 år. Vigdis har også vore trenar og smørar i langrennsgruppa, og stått i bresjen for drift, dugnadar og utvikling av det dugnadsbaserte alpinanlegget i Overøye.

Vigdis har også vore politisk aktiv gjennom mange år.

Vigdis har ei spesiell evne til å få idear satt ut i livet og ikkje minst, få fleire med på «laget». Det vere seg frivillige til ulike arrangement eller dugnadar, eller å få samla inn midlar til ulike prosjekt. Ho er med på planlegging, har nye idear og gjennomføringskraft.

Der dei fleste ville gitt opp, går ho på med krum rygg og inspirerer og motiverer andre til å følgje på.

Rausheit og evna til å gi ros til andre er også eit kjenneteikn, og Vigdis let andre få skine der ho sjølv burde fått fokus og ære. Ho brenn for alle verdiane som ligg i dugnadsånda og står fram som eit særs godt døme på dette.

Vigdis er eit levande eksempel på at frivillig arbeid og engasjement bidreg til eit betre lokalsamfunn. Innsatsen hennar har mellom anna resultert i fleire frivillige, fleire dugnadar, økonomisk handlerom og ikkje minst som ein konsekvens – fleire anlegg og stor aktivitet i lokalsamfunnet! 

Fjord kommune meiner at Vigdis Susanne Hove Øie er ein særs verdig kandidat til Frivilligprisen 2022 i Møre og Romsdal.