Fjord habilitering Stordal øvst på pallen

Bilde av seks personar som smiler mot kamera - Klikk for stort bileteCathinka Vidal, Jozina Kous, Maja Wikiel, og Nina Hauglid omkransa av Sunnmøre opplæringskontor.

Avdelinga er kåra til årets lærebedrift av Sunnmøre kommunale opplæringskontor.

Fjord habilitering Stordal fekk tildelt utmerkinga av «Sunnmøre kommunale opplæringskontor» som Fjord kommune er ein del av. Prisen består av ein innramma plakat og 15.000 kroner.
Avdelinga var ei av mange som var nominert, og kom til finalen med to andre kandidatar etter første vurderingsrunde. På felles samling i Ålesund fekk dei høyre at dei kom øvst på pallen. «Å få prisen var både hyggeleg og overraskande. Det er kjekt å få bekrefta at ein gjer ein god jobb», seier teamleiar Cathinka Viddal.

Det er lærlingane som kan nominere bedriftene til prisen. Ved Fjord habilitering i Stordal var det Maja Wikiel som anbefalte avdelinga på det varmaste.

Gode tilbakemeldingar

I vurderingsprosessen tok juryen omsyn til fleire kriterium. Lærlingbedrifta skal ha eit godt opplegg for mottak og introduksjon, lærlingen skal bli inkludert i persongruppa, og ein skal ha gode planar for opplæringa. I tillegg skal ein setje av god tid til både lærling og rettleiar. Rettleiaren må ha gode rammer, og både fagleg, og administrativ leiar skal vere engasjert i lærlingen og lærlingordninga. Ein skal også vere god på tilrettelegging av opplæringa, og gi lærlingen konstruktive tilbakemeldingar og vurderingar. Til slutt – men ikkje sist – skal ein få gode tilbakemeldingar i lærlingundersøkinga.

Maja Wikiel skreiv mykje bra om avdelinga. Ein bli høyrt og får god oppfølging frå alle, og ikkje minst frå dei fagleg dyktige rettleiarane på avdelinga, Nina Hauglid og Jozina Kous.

Cathinka kjenner igjen avdelinga utifrå Maja si beskriving. Lærlingane er ein del av «gjengen». «Vi har eit stort ansvar for våre lærlingar. Vi legg til rette for ein god balanse mellom jobb og skule, slik at dei også kan setje av god tid til skuleoppgåvene».