Farevarsel skogbrannfare!

Skog som brenn - Klikk for stort bilete DSB

Tørke medfører betydeleg auka fare for brann i skog og annan utmark. Difor er det eit forbod mot bruk av åpen eld i heile landet i sommarhalvåret - i skogen, på fjellet, på stranda, og ved naturområde som ikkje er innmark.

Bilde av vervarsel - Klikk for stort bilete

Faren for skogbrann aukar for kvar dag i store delar av landet også her i kommunen, og det har allereie vore fleire skogbrannar i Noreg i den siste tida. Det er meldt noko nedbør denne veka, men av begrensa mengde. Det skal mykje nedbør over lang tid for at faren vert redusert.

Bålforbodet

Bålforbodet i tidsrommet 15. april til 15. september er det forbode gjere opp eld i eller i nærheita av skog og annan utmark utan tillatelse frå kommunen. Dette forbodet omtalast gjerne som "bålforbodet".

Slik forholda er no, er det så tørt at tillatelse til å gjere opp eld, som å grille og tenne bål, i eller i nærleiken av skog og annan utmark ikkje vil bli gitt.

Jonsok/sankthansbål

Når det gjeld jonsok/sankthansbål ønsker brannvesenet melding om dette for å hindre unødige utrykningar. Ei melding om bål til brannvesenet er ikkje det same som ei godkjenning. Den som tenner på bålet er ansvarleg.

  • Tillatelse fra grunneigar må innhentas.
  • Sørg for å ha rikeleg med sløkkevatn lett tilgjengeleg.
  • Når du forlet bålplassen skal bålet være heilt sløkt.

Send melding om brenning av bål til inge.teigen@fjord.kommune.no.

Vær forsiktig!

Når det er tørt skal det svært lite til for å starte ein brann. Vi må alle være forsiktige og opptre på ein slik måte at brann ikkje oppstår. Det gjeld alle, heile tida og over alt. Dette følger av aktsomheitsplikta i brann- og eksplosjonsvernloven.

Å være forsiktig inneber at ein tek forholdsreglar for å redusere sannsynlegheita for brann ogbegrense skadane hvis brann skulle oppstå.

Brannvesenet treng di hjelp

Ser du at det ryk eller brenn utan at brannvesenet er på staden, ikkje nøl med å ringe 110. Dette er til stor hjelp for oss!