Ekstra utbetaling til mottakarar av sosialhjelp i desember

Du som mottek sosialhjelp frå NAV får ekstra utbetaling i desember. Du treng ikkje gjere noko - pengane kjem rett på konto.

15. desember bestemte Stortinget at dei som får sosialhjelp i desember skal få ei ekstra utbetaling. Det er 1000 kroner per mottakarar, og 1000 kr ekstra per barn.

Pengane blir fortløpande utbetalt før jul.

Du treng ikkje gjere noko. Viss du har rett på denne ekstra utbetalinga så veit NAV allereie kven du er, og det går automatisk. Du får ikkje trekk i andre ordningar på grunn av denne ekstra utbetalinga.

Du kan ta kontakt med oss på tlf. 418 67 800 viss pengane ikkje har komt på konto innan fredag.