Eigenberedskapsveka 2023

Den landsomfattande eigenberedskapsveka vert gjennomført frå i dag til søndag 5. november. Onsdag kan du slå av ein beredskapsprat med oss på stand i Valldal og Stordal.

Illustrasjonsfoto eigenberedskap - Klikk for stort bileteIllustrasjonsfoto Gaute Gjøl Dahle/DSB

Tema for eigenberedskapsveka 2023 er å ØVE.  Kor godt forberedt er du på ulike kriser? 

Vi oppmodar alle til å øve og ta nødvendige grep for å styrke eigenberedskapen. 
På sikkerhverdag.no finn du mange gode tips om korleis du kan dekke dei grunnleggande behova i ein krisesituasjon. 

Du er ein del av beredskapen i Norge

Ved store hendingar og kriser som rammar mange, kan ikkje alle få hjelp med ein gong. Då må styresmaktene prioritere hjelp til dei som treng det mest. 

Det vil seie at mange innbyggarar må vere førebudde på å måtte klare seg sjølv i nokre dagar ved straumbrot, viss dei mister tilgangen på reint drikkevatn, telefonnettet/internett er nede - eller det blir vanskeleg å kome seg ut for å handle. 

Ved å vere førebudd bidrar du til at dei som treng det mest, får hjelp først i ein eventuell krisesituasjon. På den måten er du ein del av beredskapen i Norge. 

Kommunen vil ha stand der du treff brannvesenet v/førebyggande avdeling i lag med representantar frå frivillige organisasjonar. Her blir det delt ut informasjonsmateriell, og det blir høve til ein prat over ein kaffikopp.

Du treff oss  ved:
Spar i Valldal 1. november kl. 1500 – 1800 
Coop i Stordal 2. november kl. 1500 - 1800