Dronereglar

Eit vatn omkransa av gardar, dyrka mark og høge fjell. Bjørkelauv , sol og blå himmel. - Klikk for stort bileteVår ved Eidsvatnet Kristi Linge Stakkestad

Turistsesongen 2023 er godt i gang, og Luftfartstilsynet ønskjer å formidle viktig informasjon om reglane for bruk av droner. 

Droner blir stadig meir populære blant folk som ynskjer å fange unike bilde og videoar frå lufta. Difor er det viktig å vere klar over at det er regler for kvar og når droner kan nyttast, spesielt i naturvernområde og andre sensitive stader. 

Fjord kommune har fleire verneområde der det er viktig å vere klar over regelverket.

Meir informasjon om regelverket finn du på Miljødirektoratet sine sider

Plakat med illustrasjon av dronereglane (PDF, 821 kB)

Luftfartstilsynet sin informasjon om droner