Bowling og prat

Sosial samling på Kulå Ragnhild Stadheim Flyktningtenestene i Fjord og Stranda inviterte 29. juni til ei felles, sosial samling for dei nyinnflytta innbyggjarane frå Ukraina. På Kulå Bowling blei det latter, mat og prat. 

Hovudmålet med arrangementet var at flyktningane skulle få anledning til å møte kvarandre, og at vi i fellesskap skulle gjere noko kjekt i lag. 

Det blei ein god dose latter og konkurranseinstinktet kom også fram på bowlingbana. 

Arrangementet skapte kjennskap og vennskap på tvers av kommunegrensa, og vi har fått fleire positive tilbakemeldingar i ettertid.