Bli med på Stikk UT! Festival 2022

1.-11. september inviterer friluftsråda i Møre og Romsdal til markering av friluftslivets veke med feiring av Stikk UT!  Det vert dagleg premiering av turgåarar. Stikk ut ein tur!

1.–11. september inviterer friluftsråda i Møre og Romsdal til markering av friluftslivets veke med feiring av Stikk UT! og den enorme turgleda som regjerer i fylket vårt!

Denne veka oppfordrar vi alle til å ta ein tur eller to til eitt eller fleire av dei 500 turmåla i årets sesong. Og ta gjerne med deg nokon på tur, når Stikk UT! no set fokus på verdien av å vere ute i naturen – Saman!

Når: 1.–11. september 2022

Kva: Alle saman på tur! Tema for festivalen er Stikk UT! Saman.
Gå så mange turar du kan – gjerne saman med nokon.

Kvar: Finn dine turar blant 500 Stikk UT! turmål i Møre og Romsdal.
Sjå Stikk UT! appen eller stikkut.no for fullstendig oversikt over alle turane i årets sesong.

Dagleg premiering blant registrerte turar og bilde merka med #stikkutsammen. Premiering også blant dei mest aktive bedriftene og til dei som vervar nye Stikk UT!-deltakarar. Les meir på stikkut.no

Lenke til StikkUT! Festivalen

Lenke til StikkUT!-turane i Fjord kommune

 

Ordførarens tur

Søndag 4. september kan du vere med ordførar Eva Hove på tur til Mosætra.
Oppmøte ved Mo bedehus kl 1500. Lenke

Vel møtt!