Bli med på Kviss!

Kviss på dagtid - Klikk for stort bileteKviss på dagtid

Onsdag 7. desember er det klart for Kviss på dagtid på biblioteket i Valldal. Alle er velkomne til å delta!

Ta ein pause frå julestria og bli med på kviss. Kvissmeister Eva Hilde stiller med  dagsaktuelle spørsmål, blanke ark og nykvesste blyantar! Kvart bord blir eit lag.

Kvissen startar kl 1130.

Spørsmåla er passe vanskelege og det treng ikkje vere slik at vi klarer alt. Men saman på laget klarer vi mykje! Kvissen er gratis og denne gongen blir det julestemning med gløgg og peparkaker. Etterpå kan dei som vil bli med på bakeriet for kaffi eller lunsj.

Det er Valldal Bygdekvinnelag som er arrangør, i samarbeid med frivilligsentralen.

Vel møtt!