Beredskapsøving 10. mai

Fjord kommune, Møre og Romsdal fylkeskommune og naudetatane skal onsdag 10. mai ha ei beredskapsøving med utgangspunkt i tema trafikkulykke i tunnel.  

Heggurtunnelen vil ha trafikkdirigering kl. 16 – 1630 og kl. 1830 – 1900.
Den vil vere stengt kl. 16.30 – 1830.  

I denne perioden vil det vere mykje aktivitet av personell og køyretøy frå ambulanse, politi og brann  i området Valldal – Tafjord. Det vil bli nytta lys og sirener ved behov.  

Det blir og stor aktivitet på Martin Linge-huset. 

Vi ber alle om å ta omsyn til øvinga, og ikkje oppsøke aktivitetane unødig.