43 000 turar under årets Stikk UT! Festival!

To personar med raude Stikk UT! t-skjorter og ein person med skjorte og raud hue viser fram handlenett og turkart. Sol og reklameflagg i bakgrunnen. - Klikk for stort bileteStikk UT! Festival 2023 Stikk UT!

12 000 turgåarar vart med på feiringa av Stikk UT! i friluftslivets veke. Til saman 43 000 turar vart registrert under den ti dager lange festivalen! Årets Stikk UT!-sesong er no oppe i 800 000 registreringar.

Friluftsråda, saman med kommunar og samarbeidspartnarar, arrangerte 10 fellesturar for familiar og bedrifter rundt omkring i heile fylket.

– Med vêrgudane stort sett på vår side, var det også i år ei fantastisk feiring av turgleda i fylket vårt, seier Hilde Ellingsæter som er Stikk UT!-ansvarleg hos Sunnmøre friluftsråd.

Minister på besøk

Klima- og miljøminister Espen barth Eide dukka også opp under lunsjpause-arrangementet på Skodjebruene og han var svært imponert over kva friluftsråda og Stikk UT! har fått til i fylket.

– Stikk UT! er viktig både for folkehelsa og for folk si bevisstheit på miljøet, sa han og ga ros også til sponsorane som bidreg med viktige pengar inn i det gode arbeidet som blir gjort med å tilrettelegge for turglede i regionen vår.

Årleg arrangement

Stikk UT! Festivalen er eit årleg arrangement i regi av Sunnmøre Friluftsråd og Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal, i samarbeid med hovedsponsor Sparebanken Møre, Istad Kraft, Wattn, Granne og NEAS. 

 

Pressemelding frå Sunnmøre friluftsråd