Om naturmøteplassen
Naturmøteplassen er fast annankvar tysdag klokka 12.00-13.30.
Unntak: sommarferien og januar - februar.
Atterhald om godt ver i november-desember.
Stad: grindløa ved skytebana på Øygarden i Valldal
Ta gjerne med kopp så sparer vi miljøet for eingongsbeger.
Stikk innom!
Naturmøteplassen er ein uformell lågterskel møtestad der alle er hjarteleg velkomen innom til kaffi og ein prat. Det er Sunnmøre friluftsråd som står bak naturmøteplassen, i samarbeid med Valldal frivilligsentral og frivillige vertar. Friluftsrådet har slike naturmøteplassar fleire stadar på Sunnmøre.
Korleis kome seg til naturmøteplassen
Alternativ 1: Parkering bak Martin Linge-huset.
Gå gjennom grind ovanfor skuleområdet og hald fram på sti på skrå og rett oppover til du kjem til Olavsstøtta på Korsbrekka (høgste punktet, bratt oppover). Hald fram på turvegen vidare framover. Flatt.
Alternativ 2: Parkering i sentrum.
Skilta sti frå Skulebrauta. Startpunktet ligg knapt 200 meter rett ovanfor Sylte kyrkje (retning Syltemoa).
Alternativ 3: Parkering like ved grindløa
Følg fv. 63 frå Valldal sentrum, retning Trollstigen. Etter ca 2,5 km; ta til høgre rett etter ein høgresving og følg ein grusveg opp ein liten bakke. Det er 300 m til grindløa. Vegen er ikkje skilta eller merka. Det er plass til å parkere nokre bilar på merka p-plass. Det er ikkje høve til parkering heilt oppe ved skytebana