Graving

Har du behov for å grave i kommunal veg, vegkant eller anna kommunal eigedom? Då må du ordne med gravemelding.

Kvifor må eg sende inn gravemelding?

Alt arbeid som gjer at du må grave i kommunal grunn (vegar, parkeringsplassar, friområde etc.), krev at du må hente inn løyve før gravinga kan starte.

Det ligg ofte tekniske anlegg i kommunale vegar og plassar, og det kan bli til ulempe for mange innbyggarar om det oppstår skadar på dei tekniske anlegga som følge av graving. Det er difor viktig at du skaffar deg informasjon om kva som ligg i grunnen før gravinga startar.

Kan eg grave sjølv?

Ja, det kan du, men vi anbefaler at du fyller ut gravemelding sjølv om du skal grave på eigen eigedom, for å sikre at det ikkje oppstår skade på kablar/leidningar som ev. kryssar eigedomen din.

Ved behov for graving i kommunal grunn må du uansett nytte ein entreprenør til gravearbeidet. Entreprenør skal også sørge for å sende inn gravemelding med tilhøyrande vedlegg.

Slik søker du

Fyll ut elektronisk skjema. Ta gjerne kontakt med oss om du er usikker på om det er behov for å sende inn gravemelding.

Vi kan hjelpe deg med kart over kommunale ledningsanlegg, og i enkelte tilfeller også private stikkleidningar 

Yngve Hovden
Ingeniør kommunalteknikk
E-post
Telefon 94 82 16 53