Reguleringsplanar

Ein reguleringsplan er detaljert plan som bestemmer kva eit bestemt område kan brukast til. Til dømes kor vi skal bo, kor butikkane skal vere eller kor hytter kan byggjast. Reguleringsplanane blir laga på grunnlag av plan- og bygningslova kapittel 12 og vedteken av politikarane i kommunen. Ein reguleringsplan består av tre delar; arealkart, reguleringsføresegner og planomtale. Arealkartet og føresegna til en reguleringsplan er juridisk bindande.

Planprosess og medverking - sei meininga di

Ein særs viktig del av planprosessen er å få innspel frå innbyggjarane, dette styrkjer lokaldemokratiet og syter for at alle viktige omsyn blir gjort greie for. Det er i hovudsak to fasar kor du kan kome med innspel til en reguleringsplan;

  1. Ved varsel om oppstart av planarbeid
  2. Når planar leggjast ut til offentleg ettersyn.

I tillegg har dei som er parter i ein reguleringsplanprosess rett til å klage på ein nyleg vedteken reguleringsplan.

Sei meininga di og sjå kva for planar som er under arbeid under Høyring og offentleg ettersyn.

To typar reguleringsplanar

Det er to typar reguleringsplanar; områderegulering og  detaljregulering.

Områdereguleringsplanar er det berre kommunen som kan setje i verk, men kommunen kan overlate til andre å utarbeide forslaget til planen. Ein områderegulering brukast når det er set krav til det i kommuneplanens arealdel eller når kommunen finn det naudsynt å gi meir detaljerte avklaringar av arealbruken i eit område.

Detaljreguleringsplanar tar ofte for seg mindre områder enn områdereguleringsplanar, og forslag til detaljregulering kan ogso fremmast av andre enn kommunen. Alle kan komme med forslag til detaljreguleringar, men sjølve planane er det fagkyndige som skal utarbeide.

Bildet er henta frå Regjeringen.no   

Generell planinformasjon

Dersom du er ute etter meir generell informasjon om planlegging, så viser kommunen mellom anna til regjeringa sine nettsider. Der finn du til dømes rettleiarar om planlegging etter plan- og bygningslova, kart- og planforskrifta, forskrift om konsekvensutgreiing, teiknereglar, nasjonal produktspesifikasjon for arealplan og digitalt planregister og mykje meir.

Daria Klymenko
Kommuneplanleggar
E-post
Telefon 41 86 79 28