Skjenkeløyve enkelthøve og ambulerande løyve

Skjenkeløyve for eitt enkelt høve gjeld for opne arrangement.
Ambulerande løyve gjeld for skjenking i slutta lag og er ikkje knytt til ein enkelt skjenkestad.

Tildeling av skjenkeløyve som gjeld:

- ambulerande skjenkeløyve

- skjenking for eit enkelt bestemt høve/ein bestemt del av året

Slike løyve er delegert rådmannen, søknad må sendast minst 2 veker før tilstellinga.

Ambulerande skjenkeløyve gjeld skjenking i slutta lag, og er ikkje knytta til ein bestemt person eller ein bestemt skjenkestad.

Løyve for eit enkelt høve eller for ein bestemt del av året, er for opne arrangement som festivalar og dansearrangement. Betalingsgebyr for løyve for eitt enkelt høve er sett til kr 1.500, jf. vedtekne retningsliner i Rusmiddel politisk handlingsplan.

Det er normalt ikkje krav om løyve for private arrangement som bryllaup, jubileum o.l., så sant det ikkje blir teke betaling for drikkevarene.

Alkoholhaldig drikk er drikk som inneheld over 2,5volumprosent alkohol. Løyve det blir søkt for kan vere:

- alkoholhaldig drikk inntil 4,7 volumporosent alkohol

- alkoholhaldig drikk inntil 22 volumprosent alkohol¨

- all alkoholhaldig drikk


Søknadsskjema finn du på kommunen sitt elektroniske søknadssenter.

Satsar for behandlingsgebyr er nedfelt i Forskrift om omsetning av alkoholhaldig drikk, kap. 6.

Monika Høydal Lingaas
Rådgjevar
E-post
Telefon 41 86 79 24