Fast skjenkeløyve

Har du serveringsløyve frå før og ønsker å skjenke alkohol, må du søkje om skjenkeløyve.

Korleis få innvilga skjenkeløyve?

  • Styrar og avløysar må ha bestått kunnskapsprøven for å kunne søkje om skjenkeløyve
  • Det er krav om uklanderleg vandel i høve  til alkohollova
  • Styrar og avløysar må vere tilsett på staden eller arbeide der i kraft av eigarstilling
  • Styrar og avløysar må vere over 20 år

Korleis søkje?

Bruk det elektroniske søknadsskjemaet.

Pålogging: MinID eller BankID. Hjelp til å logge på.


Du vil bli bedt om å laste opp vedlegg, søknaden vil ikkje bli behandla før alle nødvendige vedlegg er mottekne.

Vedlegg som må følgje søknaden: 

  • Firmaattest
  • Stadfesting på bestått kunnskapsprøve for styrar og avløysar 
  • Leigekontrakt eller skøyte. Ved framleige må du også sende inn løyve til framleige og fremleigekontrakt
  • Grunneigar sitt løyve til uteservering
  • Teikning av lokalet inne og ute
  • Aksjeselskap må sende aksjeeigarbok, bekrefta av revisor, med eigerandelar oppgitt i prosent
  • Opplysningar om andre eigarforhold, for eksempel eigarar bak aksjeselskap, der driftsselskapet er heilt eller delvis eigd av andre selskap

Kommunen kan i enkelte tilfelle be om ytterlegare dokumentasjon, som for eksempel budsjett og finansieringsplan. Du finn full oversikt over vedlegg i søknadsskjemaet.

Kor lang tid tek det?

Saksbehandlingstida er inntil tre månader frå du har sendt oss alle nødvendige opplysningar og dokument. Søknaden blir sendt på høyring til politiet og skatte-  og avgiftsmyndigheitene. Behandlingstida kan bli lengre om høyringsinstansane brukar lang tid, har merknader til søknaden, eller om du gjer endringar undervegs i behandlinga av søknaden.

Rapportering

Omsetning skal rapporterast til Fjord kommune ein gong i året på eige skjema.

Les meir i retningslinjene her (PDF, 2 MB)

Alkoholforskrifta

Monika Høydal Lingaas
Rådgjevar
E-post
Telefon 41 86 79 24