Omsetningsoppgåve og løyvegebyr

Alle som har eit sals- eller skjenkeløyve må kvart år betale eit løyvegebyr til kommunen. Størrelsen på gebyret avheng av kor mykje alkohol som vert seld. Opplysningar om alkoholsalet skal du oppgi til oss i omsetningsoppgåva.

Satsene for bevillingsgebyret finner du i alkoholforskriften. Kommunen kan i særlege tilfelle sette ned gebyret.

Send inn omsetningsoppgave

Løyvehavarar som har fleire løyver må sende inn ei omsetningsoppgåve for kvar sals- eller skjenkestad. 

Ny verksemd

Viss staden har nytt løyve med drift frå dette året, skal du kun oppgi forventa omsetning. Det er ikkje nødvendig med revisorbekrefting.

Opphøyr eller sal av verksemda

Løyvegebyret går heilt til løyvet blir sagt opp. Viss sals- eller skjenkestaden opphøyrer eller vert seld, skal omsetningsoppgåva sendast inn så snart endelege omsetningstal er klare. Viss omsetningsoppgåva manglar ved opphøyr av sals- eller skjenkeløyvet, foretek kommunen ei skjønnsmessig berekning av løyvegebyret. 

Drift på tidligere eiers bevilling

Viss du har overtatt ein stad med sals- eller skjenkeløyve, må du sende oss omsetningsoppgåva innan 14 dager etter at du har sendt søknad om nytt løyve.

Revisor eller rekneskapsførar si stadfesting

Revisor eller rekneskapsførar må stadfeste kor mange liter med alkoholhaldig drikk som vart omsett føregåande år. Det er løyvehavar sitt ansvar at rekneskapsførar eller revisor stadfestar omsetningstala. 

Servicetorget Kundemottak
E-post
Telefon 41 86 78 00