Helikopterflyging med underhengande last (longline)
Dersom ein skal frakte materiell/utstyr med helikopter med underhengande last, og ein nyttar longline til lasting og lossing kjem dette ikkje inn under regelverket for motorferdsel i utmark. Bruk av helikopter med longline er difor heller ikkje søknadspliktig til kommunen.
Dersom helikopteret skal lande på bakken i utmark krevst det løyve frå kommunen, då skal ein søke gjennom kommunen sitt søknadsskjema.
NB: Merk at skal ein inn i verneområde kan det vere eigne reglar for flyging der. Ein må i desse tilfella kontakte vernemyndigheitene for å få kunnskap om kva reglar som gjeld i området, og om det må søkjast om løyve til å nytte helikopter med longline. Kart over verneområde finn ein på Miljødirektoratet sine heimesider.
Høgsterett dom ved bruk av longline
Publisert 29.06.2023 13.16