Driveplikt

Er du eigar av ein eigedom med jordbruksareal, har du plikt til å sørgje for at jorda blir driven i heile eigartida. Driveplikta kan oppfyllast ved at du sjølv driv arealet eller leiger bort arealet som tilleggsjord til ein annan landbrukseigedom for minimum 10 år om gongen. Er du ny eigar, må du innan eitt år ta stilling til om du ønskjer å drive arealet sjølv eller leige det bort. For å få fritak frå driveplikta, må du sende søknad til kommunen. Kommunen kan gi fritak for ei viss tid eller varig. Det kan også stillast vilkår for fritaket.

Kommunen vil leggje vekt på

  • Kor viktig det er å halde jordbruksarealet i hevd
  • Arealet sin storleik og avkastningsevne
  • Om det er bruk for jordbruksarealet som tilleggsjord i det området der eigedomen ligg
  • Søkaren sin livssituasjon

Ta kontakt for meir informasjon.

 

Driveplikt etter jordloven (rundskriv)

Arvid Berge
Landbrukssjef
E-post
Mobil 41 86 79 26