Stimuleringstilskot veterinærdekning

Næringa har høve til å søkje Fjord kommune om stimuleringstilskot til veterinærdekning.

Føremålet med ordninga

Stimuleringstilskot til kommunale veterinærtenester skal bidra til å sikra tilfredsstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell i næringssvake område. Til dømes kan ein søkja om driftstilskot for veterinærdekning innanfor ordinær arbeidstid. Denne ordninga kjem i tillegg til vaktordninga som gjeld utanom ordinær arbeidstid, og tilskotsordninga for veterinære reiser.

Kven kan søkja

Veterinærar som sikrar tilgang på dyrehelsetenester i kommunen kan søkja om tilskot. Ein kan søkja sjølv om ein har tilhald utanfor kommunen, men om det er fleire som søkjer, kan veterinærar med tilhald i kommunen verta prioriterte. Det vil kunna bli stilt krav om deltaking i vaktordning utanfor ordinær arbeidstid for å motta tilskotet. Dersom kommunen vil leggja til retningslinjer på førehand, er det tilsikta at det vert orientert om det her innan 1.10.2024. Det er ein føresetnad at Statsforvaltaren tildeler midlar. Normalt vert det orientert om slike tildelingar i januar same år. Me legg det ut her så fort som råd. Ein kan og søkja om tilskot til andre tiltak enn det som er nemnt, så lenge det er innanfor gjeldande rammer for tildeling.

Søknadsfrist

Søknad om stimuleringstilskot kan sendast til post@fjord.kommune.no innan 1. februar for inneverande år.