Vil du vere med?

Martin Linge-huset i Valldal vart offisielt opna 1. oktober 2016. Der er mykje og stor aktivitet på huset til ei kvar tid – både faste aktivitetar/treningar, og ein stadig aukande del utleige. Det er gledelig at så mange har fått opp augene for det flotte bygget vårt, både lokale og eksterne aktørar.

Idrettshallen er mykje i bruk veka igjennom – fotball, taekwondo, styrketrening, badminton, frisbeegolf, drilløving, dame- og herretrim. Med 3 salar fekk vi plutselig andre forutsetningar for å drive med idrett gjennom heile året.

I tillegg til faste treningar gjennom året, blir hallen òg nytta til futsalturneringar, grendacupar av ulike slag, gradering for taekwondo, korpsstemne, treningssamlingar, konsertar, overnatting, marknader, messer, samt stadig fleire kommunale arrangement.

Mange sponsorar har kome på plass på veggane i idrettshallen, men vi har plass til endå fleire. Vi vil gjerne ha DEG og di bedrift med på laget!

Hallreklamen kostar 3.000 kr eks. mva per meter per år. Standardhøgde 1 meter. Avtaleperiode 2, 3 eller 5 år. Sponsor betalar sjølv kostnaden for produksjon av reklameskilt, om ein ikkje har skilt frå før. Leverandør Fluor-Lux i Stryn kan gje ein pris per meter på 950 kr eks. mva (2023-pris, muleg justering for 2024). Vi koordinerer arbeidet med bestilling. Treng du hjelp til å utforme skilt, ev hjelp med logo, kan vi tipse om Alfred Nilsen (tidlegare tilsett Storfjordnytt). Han han kontaktast på tlf. 920 57 085 eller på epost: alfred@gauder.no.

Bestill sponsorplass no.

Liv Marit Indreeide
Dagleg leiar Martin Linge-huset - Skule/SFO
E-post
Telefon 41 86 78 42
Mobil 41 86 78 42

Adresse

Skulebrauta 46

6210 Valldal