Historikk

Etter mange rundar og utgreiingar for å få på plass ei storstove i tidlegare Norddal kommune, vart Martin Linge-huset høgtideleg opna 1. oktober 2016 med Joachim Rønneberg til stades.

 

 

 

 

  

 

 

 

 

Martin Linge-huset har har blitt eit viktig samlingspunkt, og kan brukast til veldig mykje med sine flotte fasilitetar. Her er idrettshall, svømmebasseng, kultursal, møterom, ungdomsklubb og foaje med kiosk.

Huset er utsmykka med tre verk; eitt i gangen ved garderobane og inngangen til idrettshalen, eitt i foajeen på den mest sentrale veggen, og eitt i trappeoppgangen. Det er Erik Friss Reitan som har stått bak utsmykkinga. 

Ola Stavseng har laga bronserelieffet som heng på veggen utanfor hovudinngangen.

Det er lagt ned ein enorm dugnadsinnsats for å få realisert bygget, både i form av praktisk arbeid og innsamla gåvemidlar.