Psykisk helseteneste

Kva tilbyr vi?

Psykisk helseteneste for vaksne gir hjelp og støtte til personar som har ein psykisk vanske. Tilbodet du får er individuelt tilpassa og avhengig av dine behov. Det kan vere:

  • personleg oppfølging og støttesamtalar
  • hjelp til å lage struktur i kvardagen og finne meiningsfulle aktivitetar
  • individuell plan, ansvarsgruppe og hjelp til å finne riktige tenester
  • støtte til betring og meistring 
  • samarbeid med fastlege og andre hjelpeinstansar
  • medisinadministrering

Kven kan få tilbodet?

Alle med behov for støttesamtalar og  oppfølging knytt til psykisk helse kan få tibodet.

Korleis få tilbodet?

Støttesamtalar vert ytt etter henvisning frå t.d. fastlege, sjukehus, poliklinikk, ambulante team, Nav, helsestasjon, kriseteam og liknande. Ein kan også ta direkte kontakt med psysisk helsearbeidar for avklarings-/vurderingssamtalar.

Søknadsskjema

Kva kostar det?

Psykiatrisk helseteneste er gratis. 

Vilma Lygnugariene
Psykiatrisk helsearbeidar
E-post
Telefon 41 86 79 35
Inga Janonyte
Psykiatrisk helsearbeidar
E-post
Telefon 41 86 79 34