Omsorgsstønad

Kva tilbyr vi?

Omsorgsstønad/omsorgsløn kan innvilgast til deg som har eit særleg tyngande omsorgsarbeid i heimen.

Kven kan få tilbodet?

Omsorgsarbeidet må skje i eigen heim. Målet er at familien kan fortsette å ha omsorg for sine næraste. Omsorgsstønad er eit fast beløp per månad som ei godtgjering for nokre av dei timane du brukar på pleie og omsorgsarbeid i heimen.
Stønaden dekker ikkje tapt arbeidsfortjeneste ved redusert stilling, og er heller ikkje noko ein har krav på. Omsorgsarbeidet må vere vurdert som særleg tyngande og gjelde oppgåver som er naudsynte og som elles ville blitt ytt av det kommunale hjelpeapparatet. Det vert også vurdert om omsorgsstønad er det beste alternativet, ev. saman med andre hjelpetiltak. Er det ikkje søkt hjelpestønad frå NAV må du søke om dette.

Korleis få tilbodet?

Elektronisk søknadsskjema
Søknadsskjema for utskrift (pdf)

Ta kontakt med tiltakskontoret ved behov for meir informasjon og evt. behov for bistand til utfylling av søknad.

Kva skjer vidare?

Søknadar vert behandla fortløpande, og om du ikkje får endeleg svar på søknaden innan 3 veker skal du motta eit svar på om lag kor lang behandlingstid ein forventar før vedtaket er klart.

Klage

Klagefristen er 3 veker. Viser elles vil informasjon om klage i vedtaket.

Elisabeth Midtbust
Sakshandsamar
E-post
Telefon 41 86 78 00