Brukarstyrt personleg assistent (BPA)

Kva tilbyr vi?

Brukarstyrt personleg assistanse, BPA, er ein alternativ måte å organisere praktisk og personleg bistand på for personar med stort hjelpebehov i dagleglivet.

Kven kan få tilbodet?

BPA passer best til yngre med funksjonsnedsetting som ønsker å leve eit sjølvstendig liv . Målet er at ein får høve til eit aktivt, og mest mogleg uavhengig liv til tross for funksjonsnedsettinga. Du må vere under 67 år og ha eit langvarig og stort behov for personleg assistanse.
Ved tildeling av BPA timar vert det vurdert i forhold til kor mykje brukaren normalt ville fått av kommunale tenester. Ved behov for hyppige og korte besøk er tenesta lite egna.

Korleis få tilbodet?

Elektronisk søknadsskjema
Søknadsskjema for utskrift (pdf)

Tiltakskontoret kan bistå ved behov for meir informasjon, råd og rettleiing. Det vert gjort ei kartlegging av bistandsbehovet og ei vurdering om BPA er den mest hensiktsmessige måten å organisere hjelpa på.

Kva kostar det?

Eigenbetaling for tenesta BPA følgjer reglane i « Foreskrift om eigenandel for kommunale helse- og omsorgstenester» Det kan ikkje krevjast vederlag for tenester som gjeld «personleg stell og eigenomsorg» Kor mange timar det kan krevast vederlag for må vurderast konkret i dei enkelte arbeidsoppgåvene hos den som får tildelt ordninga.

Satsen som vert fastsett av kommunestyret og vert utrekna individuelt på bakgrunn av husstanden si samla inntekt.

Kva skjer vidare?

Søknader vert behandla fortløpande, og om du ikkje får endeleg svar innan 3 veker skal du motta svar på om lag kor lang behandlingstid ein forventar før vedtaket er klart.

Klage

Klagefristen er 3 veker. Viser elles til informasjon om klage i vedtaket.

Elisabeth Midtbust
Sakshandsamar
E-post
Telefon 41 86 78 00
Hilde Christin Rognsø Furstrand
Sakshandsamar
E-post
Telefon 41 86 78 00