Legevakt

Fjord kommune er med i eit interkommunalt legevaktsamarbeid mellom kommunane Vestnes, Fjord, Sula, Haram, Stranda, Giske og Ålesund.

Legevakt
Legevakt Telefon
Akutt hjelp kvardagar kl. 08 - 16 - Legekontora i Fjord 70 25 89 00 (Valldal) 70 27 91 50 (Stordal) 116 117 (legevakt)
Akutt hjelp kl. 16 - 08 og helg 116 117
Naudnummer 113

Opningstider Ørskog legevakt

  • Kvardagar: kl 18:00 – 21:00
  • Laurdagar/søndagar: kl 12:00 – 20:00

Det er viktig å presisere at ein må kontakte legevaktsentralen før oppmøte på legevakta i Ørskog.

Utanom legetid på legekontora i Fjord, og når Ørskog legevakt er stengt, skal ein nytte Ålesund legevakt.

Kvar finn du legevakta?

  • Legekontoret i Valldal og Stordal
  • Ørskog Legevakt, Sjøholtvegen 86, Ørskog
  • Ålesund Legevakt: Åsesvingen 16, Ålesund

Når skal du kontakte legevakta?

  • Ta kontakt med legevakt ved akutt sjukdom, forverring av sjukdom eller skadar som treng akutt hjelp, og ikkje kan vente til neste dag.
  • Ring på førehand. Du får snakke med ein sjukepleiar som kan gi deg råd, rettleiing og hjelp til å vurdere om du treng rask helsehjelp, eller om du kan vente.

Ved legevakta vil du bli vurdert og prioritert etter hastegrad. Dei mest alvorlege tilstandane blir behandla først, og ventetida vil variere. Dersom tilstanden din blir forverra i ventetida, må du venda deg til sjukepleiar. Legen kan også bli kalt ut til akutte hendingar, og ventetida kan difor bli lengre enn forventa.

Eksempel på ting som ikkje skal til legevakt:

  • Lege- og helseattestar
  • Sjukmeldingar der behandling ikkje er eit krav.
  • Fornying av reseptar (med unntak av livsviktige medisinar)
  • Reseptar på A og B-preparat
  • Kontroll og utgreiing av kroniske sjukdommar
  • Innlegging av prevensjonsmiddel (t.d. spiral)
  • Planlagt injeksjonssetting
  • Rustesting (berre på oppdrag frå politiet)
Legevakt
Telefon 116 117