Korleis få eller seie opp barnehageplass

Nytt barnehageår startar i august. Om du ønskjer barnehageplass frå august må du søke innan 1. mars. 

Alle born som fyller eitt år seinast 31. august i søknadsåret, og som søkjer innan fristen 15. mars, har lovfesta rett til barnehageplass. Dei som får plass må vere busette i kommunen når dei tek til i barnehagen.

Søke plass

Klikk her for å søke barnehageplass.  Du må logge inn før du søker plass. Hjelp til å logge på.
Treng du hjelp til å fylle ut skjema, ta kontakt med servicetorget, tlf. 418 67 800.

Svare på tilbod om plass

For å svare på tilbod om plass eller bytte plass må du logge inn på same stad som der du søker om plass.

Endre barnehageplass

Ønsker du å endre barnehageplassen (type plass) gjer du det på same staden som du søkte om plass . Frist er 1. mars.

Logg inn med ID-porten, gå til fana min side og nedtrekkmeny og plasseringane mine. Der trykker du på søk om endra plasstype.

Svar på søknad

Søknadsfristen for hovudopptaket er 15. mars. Om du søker barnehageplass innan denne fristen vil du få svar i slutten av mars eller starten av april. Søker du etter 15. mars, vil du bli sett på venteliste og få tildelt plass når barnehagen har ein ledig plass.

Klage

Bjørn Inge Ruset
Kommunedirektør
E-post
Telefon 92 64 19 26