Mat og måltid

Barnehagen har felles frukost. Barna får faste plassar. Vi vil gjere måltidet så roleg som mogleg, og passe på at alle får nok tid til å ete ferdig maten sin. Vi ønskjer at måltida i barnehagen skal opplevast som ein positiv situasjon både sosialt og emosjonelt. Vi vil leggje til rette for at barna gradvis lærer å meistre å ete og smøre på maten sin. Dei vaksne skal hjelpe barna til å smøre på maten men og til å meistre mest mogleg sjølv. I tillegg vil vi ha fokus på kva som er sunt å ete, kvifor og kva som er bra for kroppen når vi et akkurat det. Den gode samtalen ved bordet er viktig, vi tar oss god tid til å prate skikkeleg saman. Vi vil leggje vekt på å ha det koseleg ved måltida.

Dei som kjem under frukost (og har ete frukost heime) kan sete seg ned i lag med dei andre, ete frukt og prate, eller gå på stova å leike.

Barnehagen er registrert som ein 5 om dagen barnehage. Det vil seie at vi har fokus på å servere frukt og grønsaker i tråd med myndigheitene sine anbefalingar.