Ha med i barnehagen

Å ha barn i barnehagen er ganske enkelt, vi ordner det meste i løpet av dagen.

Men der er enkelte ting som må kome heimefrå:

Kle

Vi i barnehagen er glade i å vere ute og å gå på tur, i all slags vêr. Det er derfor viktig at barna har godt med klede i barnehagen. Tenk årstid og vêr.

Vi har begrensa plass til oppbevaring,så ta med kleda heim når dei er våte eller skitne. Hugs å ta med reine neste dag.

Dette bør barnet ha liggande i barnehagen

  • 2 stk bukser (evt fleece/ull) /shorts (kortebukser)
  • 2 stk t-skjorter / ulltrøyer / bodyar
  • 2 stk strømpebukse / ullongs
  • 2 par sokkar (gjerne ull)
  • 2 gensarar ( evt fleece / ull)
  • 2 stk truser (eller fleire ved overgang frå bleie til truse)
  • 1 par tøfler/innesko
  • 2 stk hue
  • 2 par vottar (som toler vatn)
  • 1 hals
  • 1 sett regntøy
  • 1 dress (tilpassa årstid)
  • 1 par støvlar/cherrox
  • 1 par sko etter årstid

Bleie

Ta med bleier om barnet bruker det. Gjerne slike med festing på sidene, så personalet slepp å ta av alle beinkleda for å skifte bleie. Om barnet treng anna salve enn zinksalve, så ta med det.

Når barnet skal slutte med bleie, snakk med personalet, så følger vi opp dette i barnehagen også.

  • Bleier (ikkje up&go)
  • Evt anna salve enn zinksalve
  • Mange truser og skift når barnet skal slutte med bleie.

Soving

Barna sov både ute og inne, alt etter korleis vi praktisk kan avvikle denne stunda. Ein av dei tilsette har sovevakt for barn som tren gå sove eller kvile frå begge gruppene.