Når Skatteetaten har handsama skattemeldinga (sjølvmeldinga), får du eit skatteoppgjer. Det er då du får vite om verksemda får pengar tilgode på skatten, eller må betale restskatt.
Betalingsfrist
For upersonlege skattytarar er det kun eit forfall. Restskatten forfell til betaling tre veker etter at skatteoppgjeret er motteke.
For å unngå renter på restskatten kan du betale tilleggsforskot.
Slik betalar du restskatten
Du mottek ein faktura med betalingsinformasjon i god til før forfallsfristen. Elektroniske brukarar får faktura med betalingsinformasjon i Altinn.
Sjølv om du ikke har motteke giro, skal du likevel betale ved forfall. Slik gjer du det:
Informasjon om betalingsfrist og betaling finn du på skatteetaten si nettside
Innbetaling av skatt skal gjerast til konto 6345.06.15244.
Ved betaling må KID-nr leggast inn. Rekn ut KID-nr her.
Dersom du betaler for seint
Dersom du betalar for sent, må du betale forseinkingsrenter i tillegg til restskatten.
Renter vert rekna frå betalingsfristen og fram til betalinga skjer.