Fakta om kommunen

Kristi L. Stakkestad Fjord kommune vart etablert 1.1.2020 då kommunane Norddal og Stordal vart slått saman.

Fjord kommune har eit stort areal på 1.191 km2, og her er ca. 2.600 innbyggjarar fordelt på 7 bygder.

Gjennom kommunen går Nasjonal turistveg mellom Trollstigen og Geiranger. Langs denne strekninga finn du spektakulære arkitektoniske installasjonar som til dømes Gudbrandsjuvet i Valldal. Dei særeigne naturkvalitetane gjer at delar av kommunen både er ein del av Reinheimen nasjonalpark og Geirangerfjorden verdsarv i tillegg til fire naturreservat og fleire landskapsvernområde. Klimaet gir godt grunnlag for reiseliv og helse, og mange kjem til området på grunn av aktivitetane ein kan gjere her, så som å padle, stå på ski, sykle, gå på tur, rafte eller klatre. Det mektige fjord- og fjellandskapet gjer at aktivitetstilboda er mange og mangfaldige. Kommunen består av fleire mindre bygder og kvar bygd har sine spesialitetar og attraksjonar å by på.

Bor du i Fjord kommune, bor du landleg til med i store uterom, men du bor og sentralt. Det er kort veg til Ålesund og heller ikkje langt til Molde.

Det er gode kommunale tenester, med barnehagar, skular og sjukeheimar i 3 av bygdene.

Ei rekkje lag- og organisasjonar legg til rette for eit variert og godt fritidstilbud innan kultur og idrett.

Her finns gode anlegg for alpint, langrenn og hopp. Fleire stadionar for fotball og friidrett. Svømmeanlegg og to fullskala idrettshallar med kultursalar.

Er du glad i friluftsliv finns det knapt eit meir variert og godt tilbod frå sjø til fjell – gjennom alle årstider.

Her er eit variert næringsliv med landbruk, bærproduksjon, industribedrifter, Muritunet, kraftproduksjon, oppdrett mv.

Les meir på wikipedia.