Feiing og tilsyn i hytter og fritidsbustader
Etter at «forskrift om brannforebygging» vart sett i verk frå 01.01.2016 skal alle norske kommunar også prioritere feiing og tilsyn i hytter og fritidsbustader. Det brenn årleg i mange hytter og fritidsbustader Noreg. Difor er det like viktig å stilla krav til branntryggleiken der som heime. Dette skal, som i vanlege bustader, utførast etter behov og risiko.
Gebyr
Feiing og tilsyn er ei lovpålagd teneste som skal finansierast etter sjølvkost. Dette vil sei at gebyr som vert kravd inn til feiing og tilsyn med fyringsanlegg, skal gå til å dekkja alle utgiftene med tenesta. Dette vera seg t.d. løn til feiarstaben, bilar, kontormateriell og administrasjon av tenesta. Når det er sagt er det ikkje høve for kommunen å krevja inn meir enn det dei brukar til tenesta. Det skal altså ikkje vere ein ekstra skatt til drift av kommunen. Gebyrsatsane er dei same som for vanlege bustader.
Feiing
Det vert ført tilsyn med fyringsanlegget basert på behov og risiko. Feiing vert utført etter kartlagd behov.
Fjord kommune har lagt ut informasjon om varsling frå kommunen. Vi brukar same systemet til varsling ved feiing og tilsyn.
Det er ein del som har firmatelefonar som ikkje er registrert på eigedomane. Ved å følge lenka ein kan legge til firmatelefon på eigedom.
Spørsmål om feiing:
Er det spørsmål til feiing av hytter og fritidsbustader ver venleg å ta kontakt med:
Kari Anne Flatmo Hove. 418 67 812
Eller på e-post til: post@fjord.kommune.no
Publisert 23.09.2024 14.38