Tiltak i beiteområde

Tiltak i beiteområde

Føremålet med ordninga er å legge til rette for best mogleg utnytting av beite i utmark, reduksjon av tap av dyr på utmarksbeite og fremje fellestiltak i beiteområda. Tilskotet er primært retta mot lag eller organisert samarbeid som rettar seg inn mot næringsmessig beitedrift.

Døme på tiltak som kan få tilskot etter ordninga er:

  • Planleggings- og tilretteleggingsprosjekt, dette kan vere ulike typar prosjekt som rettar seg mot organisering og tilrettelegging av utmarksbeita for god og effektiv beitebruk.
  • Investeringar til faste installasjonar , og anna utstyr knytt til beitebruk. Dette kan vere sperregjerder, ferister, bruer, gjetarhytte, sanke og skiljeanlegg, driftsvegar og elektronisk overvakingsutstyr.

Søknadsfrist er 1. mars.

Målestting og strategiar SMIL, drenering og tiltak i beiteområde 2020-2024

Forskrift om tilskot til tiltak i beiteområde

Søknaden leverast på nett.

Lenkje til søknadsskjema, i tillegg til meir informasjon om ordninga finn du her: Tiltak i beiteområder

Terje Systad
Landbrukssjef
E-post
Telefon 418 67 922