Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)

Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)

 

Formålet med SMIL-ordninga er å ivareta natur- og kulturminneverdiane i jordbruket sitt kulturlandskap, samt å redusere forureininga frå jordbruket. Søknadsfrist 1.mars.

Kva kan det søkast tilskot til

Kulturlandskapstiltak
Planleggings- og tilretteleggingstiltak
Forureiningstiltak

Eksempel 

  • tiltak som betrar folk sin tilgang til kulturlandskapet og legg til rette for ferdsel til fots. Aktuelle tiltak kan vere utbedring, etablering, rydding og vedlikehald av stiar og turvegar i jordbruksområde. Merking av ferdselsårer og utarbeiding av enkel informasjon.
  • tiltak som ivaretek biologisk mangfald og gammal kulturmark. og som legg tilrette for økt biologisk mangfald. Tiltaka skal bidra til å bevare bestandar og oppretthalde leveområde og spredningsvegar. Legge til rette for plante- og dyrelivet på gamal kulturmark.
  • tiltak som ivaretek kulturminner og kulturmiljø i jordbruket sitt kulturlandskap. Dette inkluderer alle former for kulturminner ikkje berre kulturminner og anlegg.

Kven kan søkje?

- Eigarar av ein landbrukseigedom så lenge det foregår produksjon på eigedomen som gir rett til produksjonstilskot.
- Tiltaket må vere knytt til ein registrert landbrukseigedom
- Dersom søkjar er ein anna enn eigar av landbrukseigedomen må eigar gje løyve til gjennomføring av tiltaket
- Tiltak skal ikkje vere starta opp før tilskot blir innvilga.

Søknaden leverast inn på nett. Lenkje til søknadsskjema, i tillegg til meir informasjon om ordninga finn du her : SMIL

 
Terje Systad
Landbrukssjef
E-post
Telefon 418 67 922