Produksjons- og avløysartilskot

Produksjons- og avløysartilskot

Det er to søknadsfristar og ei utbetaling av produksjons- og avløysartilskot kvart år.

Søknadsfrist for del 1 av søknaden er 15. mars, med telledato 1.mars. Søknadsfrist for del 2 av søknaden er 15. oktober, med telledato 1.oktober. Ved del 1 av søknaden kan husdyrprodusentar levere søknad, ved del 2 kan både husdyr- og planteprodusentar levere søknad.

Søknaden leverast elektronisk via Altinn, det er ikkje adgang til å levere papirsøknad.

Søknaden må leverast innan fristen

Du kan endre opplysningane i levert søknad i 14 dagar etter at søknadsfristen er gått ut.

Søknaden kan leverast fram til 14 dagar etter søknadsfristen, då med trekk på kr 1000 per dag søknaden er levert etter fristen.  

Søknadsskjema

Frist for etterregistrering

Det er enkelte opplysningar som kan registrerast etter 15.oktober, men innan 10.januar:

  • Avløysarutgifter for perioden 16. oktober til 31. desember.
  • Dyr på utmarksbeite som er sanka frå utmarksbeite seinare enn 15.oktober.
  • Frukt, bær og veksthusgrønsaker som er omsett mellom 16.oktober og 31. desember.

Tidspunkt for utbetaling

Utbetaling av tilskott skjer i februar etter søknadsåret t.d søkjer du i mars og oktober 2019, blir tilskottet utbetalt i februar 2020.

Er du ny søkjar ?

Nye søkjarar må ta kontakt med oss i god tid før søknadsfristen. Før du får levert søknad om produksjonstilskot må

  • føretaket vere registrert i Enhetsregisteret - både med foretak og virksomhet
  • føretaket vere registrert i Landbruksregisteret

Har du spørsmål ta kontakt med oss.

Meir informasjon finn du på Landbruksdirekoratet sine heimesider

Gardskart

Monika Høydal Lingaas
Konsulent landbruk og miljø
E-post
Telefon 418 67 924