Støttekontakt/aktivitetskontakt

Kva tilbyr vi?

Ei aktivitetskontakt tilbyr bl.a. sosialt samvær og følge til ulike fritidsaktivitetar. ​​​​​​Aktivitetskontakt kan bli med deg å gå tur, gå på kafé, kino, trening eller andre sosiale aktivitetar. Hjelpa blir gitt ut frå dine behov. 

Formålet med ei aktivitetskontakt er at du skal få ei aktiv og meningsfylt fritid saman med andre. 

Aktivitetskontakta treng ikkje ha fagleg bakgrunn, men får rettleiing frå rettleiar.

Kven kan få tilbodet?

Du må vere sosialt isolert eller ha vansker med komme i kontakt med andre, og ha behov for hjelp til å få eit sosialt liv og ei meiningsfull fritid.

Støttekontakt gjeld for personar og familiar som har behov for dette på grunn av funksjonshemming, alder eller sosiale problem. Støttekontakta si viktigste oppgåve er som regel å hjelpe den enkelte til ei meningsfull fritid. Støttekontakt kan vere eit viktig tiltak i forhold til barn, unge og vaksne med psykiske problem, yngre og eldre funksjonshemma, innvandrarar som er ukjent med det norske samfunnet, familiar med samansatte problem, rusmiddelmisbrukarar mv.

Slik søker du

Elektronisk søknadsskjema
Søknadsskjema for utskrift (PDF, 150 kB) (pdf)

Det er ingen søknadsfrist, søknader blir behandla fortløpende.

Kva kostar det?

Tenesta er gratis, men utgifter til aktiviteter må du dekke sjølv.

Her kan du  lese meir om ordninga og søke om ledsagerbevis.

Har du lyst til å bli aktivitetskontakt?

Sjå korleis du kan søke om å bli aktivitetskontakt

Elisabeth Midtbust
Sakshandsamar
E-post
Telefon 41 86 78 00
Hilde Christin Rognsø Furstrand
Sakshandsamar
E-post
Telefon 41 86 78 00