Arbeid som støttekontakt/aktivitetskontakt

Kva gjer ei aktivitetskontakt?

  • Som aktivitetskontakt  vil du bidra til at personar med ulike utfordringar får ei meiningsfylt fritid og eit meir sosialt liv. Ei aktivitetskontakt hjelper til med å styrke personen sine fritidsinteresser og sosiale nettverk.
  • Barn, ungdom og vaksne med ulik grad av behov for tilrettelegging kan få aktivitetskontakt. Vi treng aktivitetskontakter som kan jobbe med rus, psykiatri, fysiske og psykiske funksjonshemninger.
  • Alkohol og andre rusmiddel skal ikkje nytast i samvær med bruker.
  • Arbeidstida er primært ettermiddag og kveld, men noko arbeid på dagtid og helg kan også vere aktuelt.
  • Aktivitetskontakter får løn av kommunen og køyregodtgjering etter avtale.

Kven kan bli aktivitetskontakt?

  • Du bør vere sosialt engasjert, ha evne til å sette i gang aktivitetar og finne glede i å hjelpe andre menneske
  • Du bør være ein god rollemodell, vere trygg på deg sjølv og ha evne til å samarbeide.
  • Det er ingen krav til fagutdanning for å være fritidskontakt, det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar
  • Gode norskkunnskaper
  • Politiattest kreves for alle nye fritidskontakter.

Interesser, alder, kjønn og personlegheit er viktig når vi prøver å kople rett aktivitetskontakt saman med brukar. Vi vil difor gjerne vite mest mogleg om kva  du liker å gjere.

For å skape stabilitet for brukaren, bør du kunne binde deg for minst eitt år.

Slik søker du

Ta kontakt med ansvarleg for tenesta. De blir då samde om innsending av naudsynt informasjon.

Kva skjer vidare?

Det vil variere kor lang tid det tar før du får tilbod om oppdrag. Når vi finn ein brukar som passar til deg og dine interesser, vil vi ta kontakt med deg for å avtale eit intervju. 

Det vil variere hvor lang tid det tar før du får tilbod om oppdrag.

Løn

Som oppdragstakar får ein timebetalt etter følgjande satsar:

  • Over 18 år –       195 kr i timen
  • Under 18 år -     160 kr i timen

I dei tilfella der ein krev særleg kompetanse kan anna timesats vurderast.

Kilometergodtgjersle for bruk av eigen bil i oppdraget blir utbetalt etter Statens reiseregulativ.
Reise til og frå oppdraget er å rekne som arbeidsreise og dekkast ikkje av oppdragsgjevar.

Timelistar leverast kvar månad innan den 03 i månaden for utbetaling den 12. i månaden etter.
Utbetalinga skjer gjennom kommunen sitt lønnssystem. Kommunen er forplikta etter skattelovgivinga til å trekke skatt på vanleg måte. Dette inneber at du vil bli tilmeldt folketrygda.

Viss brukar eller føresette avlyser inngåtte avtalar, kan timane som fell bort bli tatt igjen seinare. Dette blir avtalt direkte med brukar eller føresette/brukar sin kontaktperson.

Som støttekontakt er ein oppdragstakar, og har ikkje same rettigheitane som vanlege tilsette. Vi anbefalar derfor ikkje at det å vere støttekontakt er hovudinntekta di. Du får ikkje sjukepengar, kan ikkje bruke eigenmelding om du blir sjuk. Du kan ta ferie, men får ikkje utbetalt feriepengar i tillegg til timebetalinga.

Elisabeth Midtbust
Sakshandsamar
E-post
Telefon 41 86 78 00
Hilde Christin Rognsø Furstrand
Sakshandsamar
E-post
Telefon 41 86 78 00