Motorferdsel i utmark

Motorferdsel i utmark er som hovudregel forbode. Unnateke er bruk av motorkøyretøy til ein del nytteformål. Kommunen kan gje løyve til nyttekøyring etter søknad. Det er ikkje høve til å gje løyve til turkøyring. Motorferdsel i utmark og vassdrag er regulert med sikte på å verne om naturmiljøet og å auke trivselen.

Søknad om løyve til bruk av motorkøyretøy i utmark leverer du på eige søknadsskjema.

Nyttekøyring kan til dømes vere bruk av snøscooter for å få fram bygningsmateriale til hytte utan vegsamband.

Sørg for å få med aktuelle vedlegg, t.d kart med innteikna køyrerute, legeattest ved transport av funksjonshemma, løyve frå grunneigar dersom ferdselen skal gå over andre sin eigedom.

Det er eigne forskrifter for :
Reinheimen Nasjonalpark
Tafjord og Reinheimen landskapsvernområde
Trollstigen landskapsvernområde
Romsdalen landskapsvernområde

Det er eige søknadsskjema for Kallskaret naturreservat og Geiranger-Herdalen landskapsvernområde.

Ved ferdsel i Geiranger-Herdalen lanskapsvernområde må det søkjast til:
Statsforvalteren i Møre og Romsdal
Fylkeshuset, 6404 Molde

Lov om motorferdsel i utmark

Forskrift om bruk av motorkøyretøy i utmark m.v.

Artikkelliste