Bli med på bokbingo!

Fjord bibliotek lanserer ny lesekonkurranse for barn og ungdom frå 5. til 10. klasse. Bokbingo er gøy!

-Les eller høyr bøker og fyll inn tittel i rutene
-Du får bingo når du har fylt ut ei rad på 5 vassrett, loddrett eller diagonalt
-Bøkene må vere lest i 2021
-Du kan få bingo fleire gongar på same skjema

Lever skjema på eitt av biblioteka i kommunen innan fredag 17. desember 2021, og ver med i trekninga av premiar.
Vi trekkjer 2 premiar på kvar skule, totalt 6 premiar. Premien er ein stor pizza inkl. brus.

Kontakt biblioteket eller skulebiblioteket ditt for skjema, eller last det ned på lenka nedanfor.

Bokbingo 2021 (PDF, 441 kB)