Tryggleiksalarm

Kva tilbyr vi?

Tryggleiksalarm er ein liten radiosendar med ein alarmknapp, som kan berast som eit kjede rundt halsen eller rundt handleddet. Alarmen er meint å virke innomhus grunna rekkevidda på senderen.

Du skal få rask kontakt ved utløyst alarm. I samråd med kommunen set ein opp kven som skal kontaktast først ved utløyst alarm. Pårørande kan ofte vere den som vert oppringt først, og helsetenesta den neste dersom pårørande ikkje svarar. 

Kven kan få tilbodet?

Dei som av ulike årsaker kan ha behov for å tilkalle hjelp. Anten det gjeld personleg eller praktisk bistand. Skilnaden kan avgjere kor vidt dette er ei betalteneste eller er vederlagsfritt.

For at kommunen skal dekke utgiftene ved tryggleiksalarm skal faginstans frå kommunen gjere ei individuell vurdering.

Desse kriteria vert blant anna lagt til grunn for dekking:

  • Alvorleg sjukdom
  • Nedsatt helsetilstand
  • Nedsatt mobilitetevne/ mobilitetsvanskar
  • Kartlagt og stadfesta fallrisiko

Andre kriterier kan også aktualisere behov for tryggleiksalarm, men kan då verte fakturert jamfør kommunen sine vedtekne betalingssatsar.

Det er ein føresetnad at den som får innvilga alarm forstår bruken av denne. Alarmen skal kun nyttast i akuttsituasjonar.
Tenesta er ikkje lovpålagt. 

Korleis få tilbodet.

Bruk søknadsskjema for omsorgstenester for å søke om tryggleiksalarm.

Elektronisk søknadsskjema
Søknadsskjema for utskrift (pdf)

Om du treng meir informasjon, hjelp til å fylle ut søknadsskjema eller råd med tanke på om dette er ei teneste du kan søke på, kan du ta kontakt med tenestekontoret. 

Kva kostar det?

Pris på tryggleiksalarm finn du her 

Klage

Vedtaket kan du klage på jmf. Forvaltningslova §§ 28 og 29. Klaga vil bli behandla av same organet som fatta det opphavlege vedtaket.Klagefristen er 3 veker. Tiltakskontoret eller driftseininga kan gi nødvendig råd og rettleiing.

Hilde Christin Rognsø Furstrand
Sakshandsamar
E-post
Telefon 41 86 78 00
Elisabeth Midtbust
Sakshandsamar
E-post
Telefon 41 86 78 00