Eidsdal skule har sfo før og etter skuletid fire dagar i veka + heildagstilbod onsdagane og partalstorsdagane (1. klasse).
Lokalitetar
Eidsdal skule har tilbod om SFO for elevane i 1. - 4. klasse. Opphaldsstad er "nyavdelinga", dvs. same området som 1. og 2. klasse brukar til vanleg. Er behovet for heildagstilbodet lågt kan det bli gjennomført i samarbeid med Dalsbygda barnehage, slik at dei som har behov for heildagsplassar dei dagane, kan vere der.
Måndag, tirsdag, torsdag og fredag | Kl. 07.00 - kl. 08.30 og kl. 14.05 - kl. 16.30 |
Onsdag og torsdag (partal) | Kl. 07.00 - kl. 16.30 |
Skuleferiar | Kl. 07.00 - kl. 16.30 |
Betaling mat og drikke
Betaling for mat og drikke er ikkje inkludert i SFO betalinga, og kjem i tillegg ein gong pr. halvår.
Kjøp av ekstra timar
Det er mogleg å kjøpe ekstra dagar/timar utanom fast plass dersom SFO har ledig kapasitet. Dette må avtalast på førehand. Det er ikkje mogleg å byte dagar. For barn som til vanleg ikkje nyttar SFO kan ein kjøpe dagar/timar etter avtale.
Publisert 05.03.2025 08.29