Trygt og godt skulemiljø

Valldal skule skal vere ein trygg og god læringsarena.

Alle elevar har rett til eit godt og inkluderande læringsmiljø. Med læringsmiljø meiner vi dei samla kulturelle, relasjonelle, faglege og fysiske forholda på skulen som har betydning for eleven si læring, helse og trivsel. 

Ein god skule har eit godt læringsmiljø der elevane føler seg trygge og inkluderte. Kjenneteiknet er at dei tilsette og elevane behandlar kvarandre med respekt og det oppstår få saker der nokon plagar, krenkar eller mobbar kvarandre. Det er også sjeldan at nokon opplever at dei blir utestengde frå aktivitetar eller grupper. Konflikter og usemje oppstår også på slike skular, men dei greier å løyse dei på eit tidleg tidspunkt. 

Ein positiv læringskultur oppmuntrar til læring. Elevar må oppleve at det er lov å prøve og feile, og å gjere sitt beste på skulen. Skulen må bidra til at elevar er trygge og kan vere ei støtte for kvarandre i både sosial og fagleg læring.    

Du er her for å lære 
Du er her for at andre skal lære 
Du er her for at andre skal ha det bra

Det er sånn vi vil ha det på Valldal skule.
Skulen sin førebyggande plan er eit viktig dokument for oss i dette arbeidet. Her beskriv vi korleis vi jobber førebyggende, korleis vi handterer konkrete saker og korleis vi kvalitetssikrar arbeidet vårt. Du kan lese meir om retningslinjene våre frå Utdanningsdirektoratet her: 

https://www.udir.no/regelverkstolkninger/opplaring/Laringsmiljo/skolemiljo-udir-3-2017/

Førebyggande plan for Valldal skule. (PDF, 286 kB) 

Vi har også arbeidd fram prosedyre for å sikre elevane sine rettar (PDF, 452 kB) etter §9a i opplæringslova.